
Korleis vi behandlar søknadane
Søknadsproses
Søknadsportalen vil væra open for innsending og behandling av søknader i forhandsdefinerte periodar i året. Det vil bli tilbode opplæring i søknadsportalen i forkant av søknadsvindauga. Søknadsfristar kan harmoniserast med Haugesund Sparebank og Tysnes Kraftlag.
All kommunikasjon mellom søkjar og stiftinga skal vera via e-post. Det er derfor eit krav at søkjar oppgjer e-post adresse.
Sakshandsaming
Søknadene vil bli gjennomgått administrativt og manglar eller uklar informasjon vil bli freista retta i samarbeid med søkjar. Det vil deretter bli ein gjennomgang av søknadene i styret som avgjer søknadene med gåvetildeling eller vedtek avslag på søknad.
Alle søkjarar får tilsendt skriftleg melding om vedtaket. Avslag på søknader vil ikkje bli grunngjeve. Informasjon om kven som er tildelt gåver, vil bli lagt ut på stiftinga si heimeside og elles i høvelege media.
Utbetaling
Styret vil ved handsaming av kvar enkelt gåvetildeling ta stilling til om heile gåvebeløpet skal betalast ut straks, eller om ein skal dela utbetalinga etter dokumentert framdrift i tiltaket/prosjektet. Utbetaling skal i utgangspunktet ikkje skje før prosjektet er fullfinansiert.
Rammer for utdeling av gåver fastsetjast årleg av Generalforsamlinga ved behandling av årsresultatet. Styret står for utdeling innanfor desse rammene.
- Gåver inn til kr 100 000,- behandlast av styreleiar + eitt styremedlem, eller to styremedlemmer i fellesskap.
- Gåver over kr 100 000,- eller prinsipielt viktige tildelingar, behandlast av Styret (vedtak)
